Frigarden | Vaset
Frigarden | Vaset

Moderne leilegheiter på Vaset i Valdres

Når du ikkje vil vere nokon annan stad, har du kome rett

Våre leilegheiter er frå koselege 67 kvm til romslege 149 kvm. Frigarden ligg unikt til ved Vasetvatnet på Vaset i vakre Valdres.

Vasetområdet er svært barne- og familievennleg og byr på eit mangfald av fasilitetar. Om sommaren er det eit eldorado for sykkel- og fotturar. Det finst også mange fiskevatn i nærleiken og gode jaktmoglegheiter. Området har ei rekke turstiar og vegar som innbyr til både korte og lengre vandreturar, samt fleire toppar og turmål. På vinterstid kan Vaset by på om lag 120 km
løypenett. Vidare innover i stølslandskapet finn ein toppar som er populære for randonee-turar.

Alpinanlegget Vaset Skiheiser passar for heile familien med flotte forhold for både slalom- og snowboardentusiastar. Her er det òg moglegheiter for aking med proffkjelkar ned den 1200 m lange akebakken.

På nedsida av Frigarden, ved Vasetvatnet, vil det bli oppført inntil 3 naust og 2 badstover. Det blir også anlagt ein fiskesti, leikeområde, badeplass og bryggeanlegg.

Les meir om Frigarden

Kontakt megler
Marit Wangensten
Eiendomsmegler/Fagansvarlig/Partner
Tlf: 41 43 62 55
E-post: mw@privatmegleren.no